mandag 24. januar 2011

Vårsemesteret er i gang..

I januar har me hatt hekling som tema på skulen, og eg har starta på fleire prosjekt.
  • Er godt i gang med eit sjal av kjærleiksknutar (også kalla englemasker) men det tek tid, sidan eg ikkje heilt har det inne i nevane enno..
    Brukar eit garn som heiter MacMohair frå Jacobsdal Kamgarnsspinneri i Göteborg. Gler meg stort til å verta ferdig, då eg føretrekk garn som er litt jamnare.
  • Har delvis planlagt eit "oldemorpledd" av eindel restegarn i ull som eg har liggande etter diverse pleddstrikkeprosjekt det siste halvanna året.
  • Starta på ein gryteklut, men han vert nok einsam ser det ut til på garnnøstet.
  • Har også hekla nokre små blomar, og undrar meg litt på kor eg skal bruke dei. Kansje lage fleire og feste på litt hårstrikkar og klemmer til vesla?
Elles er det mykje saumplanar for dette halvåret også, men det kjem nok meir om det når eg har fått vite kva skuleoppgåver me skal ha. Tør ikkje planlegge for så altfor mykje i tillegg til skulen, det vert nok travelt.